Gjestar og ledsager

Gjestar

Du har anledning til å ta imot gjestar når du er på rehabiliteringsopphald. Om gjesten ynskjer å bestille mat eller overnatting, må det avtalast med resepsjonen i god tid på førehand.

Måltid: Gjesten kan ete ilag med deg i matsalen. Har du fleire gjestar, ta kontakt med resepsjonen for alternativ plassering. Vi ynskjer at måltid blir betalt på førehand.

Overnatting: Gjesten kan sove på rommet ditt, med unntak av om gjesten er under 12 år. Då har vi alternative overnattingsløysingar.

Ta kontakt med resepsjonen for nærmare informasjon, prisar og booking. Pris for overnatting er inkludert frukost. Om ikkje anna er avtalt skal overnatting betalast ved ankomst.

For alternativ overnatting i området kan du kontakte våre naboar UWC Connect.

Alternativt finn du Fabel Kafé og Motell i Dale, 11 km frå Haugland. Det er då best å disponere eigen bil grunna lite kollektivtilbod i området.

Ledsager

Dersom du er avhengig av ledsager for å vere på rehabiliteringsopphald, må dette godkjennast på førehand.

Tilvisande lege må derfor opplyse om dette i søknaden. Ledsager kan bu på rom ilag med deg eller på eit eige rom (forutset at institusjonen har ledige rom).

Når opphald er godkjent med ledsager, dekker vi kost og losji for denne.

Pasientreiser dekkar reise for ledsager til og frå institusjonen ilag med pasienten. Reiseutgifter som kjem utanom dette, t.d. ved byte av ledsager, vert ikkje dekka av Pasientreiser eller av rehabiliteringssenteret.