Eigendel

Privatpersonar skal sjølv betale ein del av kostnadane når dei brukar det offentlege helsevesenet, dette vert gjort ved å betale eigendel som kjem inn under ordninga med Frikort 2. Opphald hos oss kjem inn under denne ordninga. Når eigendelstaket er nådd får du tilsendt frikort 2.

Pr. 01.01.2020 er eigendelen på kr. 150,- pr. døgn. For å få komme opp i frikort 2 må vi ta betalt for inntil 17 døgn her hos oss, dvs. inntil kr 2 400,-.

Det er eit ynskje at du betaler eigenandelen for opphaldet innan første helga du er her, du kan betale med kort eller kontant.

Om du har med deg Frikort 2 betalar du ikkje eigendel for opphaldet. Du betalar heller ikkje eigendel viss du har vedtak på godkjent yrkesskade frå NAV, der vedtaket beskriv skaden eller sjukdommen. Det er eit krav at behov for behandling skuldast yrkesskaden.

Du finn meir informasjon om frikort og yrkesskade på Helse Norge sine nettsider.