Brukarevaluering

Tilbakemelding frå pasientar er svært viktig for at vi heile tida skal kunne utvikle og forbetre oss

For å sikre brukaren sitt perspektiv, har vi eit brukarutval som er oppretta for å gje innspel til leiinga. I tillegg til dette, er det viktig for oss å lytte til den enkelte pasient si evaluering.

Pasientane er dei viktigaste personane ved senteret og vi er glade for å sjå at så mange pasientar er tilfredse med tilbodet vårt. Like fullt er det viktig for oss å vere i utvikling, og vi strekker oss stadig etter område vi kan verte betre på. Dei tilsette er opptekne av å gjere gode faglege og menneskelege vurderingar, og vi håpar pasientane får same opplevinga under opphaldet. Tilbakemeldingar frå pasientane er ei god hjelp slik at vi heile tida kan vidareutvikle oss og gje eit betre tilbod.

Før avreise får derfor alle pasientar tilbod om å fylle ut evalueringsskjema med spørsmål om korleis ein opplevde opphaldet. Skjemaet er anonymt, og kan fyllast ut elektronisk eller på papir.

Du vil mot slutten av opphaldet, motta ein SMS med informasjon om passord for å kunne fylle ut evalueringsskjema elektronisk. Om du heller ønsker å fylle det ut på papir, kan du kontakte resepsjonen. Vi gjer merksam på at passord for elektronisk utfylling vert endra med jamne mellomrom. Vi oppfordrar difor alle om å ikkje vente for lenge med å fylle ut skjema.

Takk for at du bidreg til å gjere oss betre!