Aktivitetar og undervisning

Fasilitetane våre gir gode moglegheiter for fysisk utfalding, uansett tilstand og funksjonsnivå. Med lokale som er tilpassa funksjonshemma, kan alle få aktivitetar og utfordringar tilpassa eige nivå. Friluftsliv står sentralt ved senteret, og vi nyttar derfor uteområda mykje uansett årstid.

Vi er opptekne av at du skal finne ei hensiktsmessig balanse mellom aktivitet og ro. Dette gjer ein i godt samarbeid med fagstab.

Det er sett av faste tider i veka til undervisning. Ved senteret baserer vi mykje av undervisninga på kognitiv terapi / metakognitiv terapi. Her er det fokus på kva ein tenkjer om det som skjer, samt kva grad av merksemd ein gir ulike problem ein måtte ha. Fleirtalet av fagstab har vidareutdanning i kognitiv terapi.