Parkinson

Målgruppe:
Tilbodet er for deg som har fått diagnose Parkinson, og som har behov for oppretthalde eller betre funksjonsnivået ditt.

Mål:

  • Lære meistringsstrategiar for å dosere ut aktivitet og sosial deltaking, og/eller arbeidsdeltaking.
  • Gje deg positive opplevingar knytt til å bruke eigen kropp aktivt.
  • Starte ein prosess som skal kunne vidareførast ved heimkomst.

Tiltak og metode:
Tilbodet er eit gruppetilbod som varer i tre veker. Vi arbeider tverrfagleg og nyttar ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa, og ein i teamet vil vere  koordinatoren din under heile opphaldet. Vi kan bidra med å gje deg hjelp til meistring av endringar du har fått i funksjonsnivået ditt. Du får hjelp til å nå målsettinga di og teamet vårt vil ha stort fokus på ressursane dine.

Under gruppeopphaldet legg vi stor vekt på å gje deg meistringsopplevingar og du får både individuell trening, trening i gruppe og du deltek på gruppesamling. Ut frå dine behov og din funksjon, vert aktivitetane tilpassa til deg. Om du har behov, kan vi gje deg hjelpemiddelvurdering, ADL-trening (trening på dagleglivet sine aktivitetar) og trening av kognitive funksjonar. Vi har mange spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute som vert gjennomført som trening i gruppe. Vi har mellom anna gruppetrening i gymsal basert på LSVT (basisøvingar), individuell/gruppetrening i basseng, dans/aktivitet til musikk, kroppsbevisstheitstrening, balansetrening, avspenning, styrketrening, kondisjonstrening, stavgang, turar og naturopplevingar. I tillegg er det mogleg å delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar på ettermiddag og kveld.

På gruppesamlingane møter du andre med same diagnose saman med fagpersonar frå vårt tverrfaglege team. På samlingane vert det gitt undervisning i aktuelle tema, og det er ein god arena for å spørje og drøfte ulike problemstillingar. Det vert mellom anna undervist i LSTV, mimikk/rytme og ernæringsråd. Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim. Samarbeid med kommunen om oppfølging av tiltak etter utskriving og eventuell utarbeiding av individuell plan, kan vi og bistå deg med.

Kortid?

Vi har vi lang erfaring med gruppeopphald ved Parkinson sjukdom. Her er ein god arena for å møte andre med same diagnose, samstundes som du får fagleg rettleiing og oppfølging: Kva trening er smart når du har fått Parkinson? Korleis kan du forhalde deg når kroppen ikkje lenger vil samarbeide? Undervisninga kjem òg inn på kognitiv terapi, eit nyttig verktøy for å sjå på kva du tenkjer om det som skjer med deg og kroppen din.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, hjelpemiddelsentral eller andre.

Søknad:
Søknad sendast frå fastlege eller spesialist.

Gruppeopphald

Tidlegare pasientar fortel:

   «Eg tenkjer trening i kvart eit tak» fortel Johannes

«Blandinga av sterk motivasjon frå rehabiliteringsopphaldet og gode medisiner, har gjort det mogleg å fortsette med musikken»