Osteogenesis imperfecta (OI)

Osteogenesis imperfecta (OI):
I samarbeid med TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser, har vi utarbeida eit rehabiliteringstilbod for vaksne med diagnosen OI. Hovudfokuset i rehabiliteringa vil vere å leve med OI som vaksen og ha et aktivt liv.

Mål:
Tilbodet er for deg med OI og som har behov for å oppretthalde eller betre funksjonsnivået ditt. Fokus i rehabiliteringa vil vera å leve med OI og ha eit aktivt liv.

Tiltak og metode:

  • Gruppetilbod som varer i tre veker
  • Oppfølging av tverrfagleg team
  • Ein i teamet vert koordinatoren din under opphaldet
  • Helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa
  • Hjelp til å nå målsettinga di
  • Fokus på ressursane dine
  • Individuell tilpassa aktivitet i gruppe.
  • Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt
  • Lære trappetrinnsmodell
  • Lære meistringsstrategiar med tanke på dosering av aktivitet og sosial deltaking
  • Spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute som vert gjennomført som trening i gruppe. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. Vi har også ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering og kano-/kajakkpadling. Alle desse aktivitetane vert tilrettelagt for deg og din funksjon.
  • Du kan delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar
  • Du møter andre med same diagnose
  • Undervisning i aktuelle tema, der ein kan ta opp ulike relevante spørsmål/problemstillingar
  • Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim

Informasjon om betaling finn du her.

Søknad:
Søknad sendast frå fastlege eller spesialist.

Hjelpemiddel:
Nyttar du spesielle hjelpemiddel innandørs og/eller utandørs, er det viktig at dette kjem fram av søknaden slik at vi tidleg kan planlegge transport eller andre tilretteleggingar som må gjerast under opphaldet.

Reise:
Treng du hjelp med planlegging av reisa?  Ta kontakt med pasientreiser, tlf. 05515. Merk at flyreiser, samt drosje over lengre avstandar, må vere godkjent på førehand av tilvisande lege/Pasientreiser (gjeld reiser til senteret).
Viss du kjem med fly og har med deg hjelpemiddel som rullestol mm, ber vi om at du tek kontakt med oss på tlf. 57737100 så tidleg som mogeleg slik at vi saman kan planlegge transport frå flyplassen.

Har du spørsmål til reisa kan du ta kontakt med inntakskontoret vårt.


Kontakt med eksterne samarbeidsparter:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlegen din, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, heimetenesta i kommunen eller andre.

 

Gruppeopphald