Fast helgestilling resepsjon

Søknadsfrist: Torsdag 19.02.2026

Oppstart: Etter avtale

Søknad merkast:  Helgestilling resepsjon

Kontaktperson: Ragnhild Follevåg, leiar utadretta aktivitet, tlf. 57737114

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Haugland sett frå lufta. Foto
Foto: Oddmund Haugen

Om stillinga:

Vi har ledig fast 14 % helgestilling i resepsjonen ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Stillinga inneber dag- og kveldsvakter med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:

Som resepsjonsmedarbeidar har ein ansvar for å yte god service til pasientar og gjestar. Ein skal ha oversikt over kvardagen ved senteret og handtere mange ulike førespurnader.

Resepsjonen har oppgåver knytt til transport, kiosk, post og sentralbord. Det er stor grad av samhandling med andre, både pasientar, tilsette, gjestar og eksterne aktørar.

Vi ser etter ein person som:

  • Liker å jobbe med folk
  • Kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Er påliteleg og har gode samarbeidsevner
  • Handterer norsk både skriftleg og munnleg
  • Har grunnleggande ferdigheiter i engelsk
  • Har grunnleggande datakunnskapar
  • Er over 18 år

Det kan bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

Vi tilbyr:

  • Ein stor og spennande arbeidsplass
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar