Fasilitetar og nærområde

Haugland Rehabiliteringssenter ligg på Haugland i Flekke, Vestland Fylke. Kommunesenteret er Dale i Sunnfjord, 13 km frå senteret. For informasjon om vegen hit, sjå eiga side.

Rehabiliteringssenteret ligg ved fjorden, omkrinsa av bakkar og fjell med turløyper for ulike funksjonsnivå. Nærområdet er tilrettelagt med vegar som høver rullestol og ganghjelpemiddel, og her er grasplenar for aktivitet og avkopling. Institusjonen har fasilitetar for varierte aktivitetar både ute og inne. I sesong nyttar vi også fjorden med t.d. fisking, båt-, kano- og kajakkturar.

Vi har pasientrom med eigne bad både på hovedhus og i seks frittståande pasienthus. Alle pasientrom på hovudbygg og i nokre av dei frittståande husa er tilpassa rullestol. Vi har elektriske døropnarar og heisar mellom etasjane på senteret. Matsal ligg i hovedbygg ved resepsjonen.

I aktivitetsbygget ligg dei to bassenga våre. Hovudbassenget er 25 m langt, med temperatur på 27-28 ºC. Terapibassenget er 12,5 m langt, med temperatur på 33-34 ºC. Det er badstover ved bassenganlegget, og rullestolramper i begge bassenga.

I aktivitetsbygget finn du og ein gymsal med integrert klatrevegg, samt to treningssalar med matter, ballar og slyngar. I tillegg har vi vekter og ulike treningsapparat som ergometersyklar, ellipsemaskin, romaskiner, tredemøller, Nustep T4r og Nustep T5xr. På testlaboratorium i kjellaretasjen  er det lagt tilrette for testing av lungefunksjon, kondisjonsnivå og muskelstyrke.  Vi har også Light Gait gangopplæringsapparat ved senteret.

Turar i nærområdet (klikk her)

Det er mange fine turar i området rundt Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, og du kan velje mellom lette, middels eller krevjande turar.