Nevrologiske lidingar

Vi har lang erfaring i behandling av eit bredt spekter av diagnoser og tilstandar, og vi har i mange år hatt tilbod om spesialisert rehabilitering til pasientar med diagnoser innan nevrologiske lidingar.

Målgruppe:
Tilbodet rettar seg mot personar med nevrologiske lidingar som har behov for å oppretthalde eller betre funksjonsnivået sitt.

Mål:
Å lære meistringsstrategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial deltaking og/eller arbeidsdeltaking, samt gje deg positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt.

Tiltak og metode:
Trening av bekkenmuskulatur ved inkontinensplager, utprøving av aktivitetshjelpemiddel og ADL-trening ved behov. Vi arbeider tverrfagleg og nyttar ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa. Ein i teamet vil vere din koordinator under heile opphaldet. Du får hjelp til å nå målsettinga di og teamet vårt vil ha fokus på ressursane dine.

Du vil under opphaldet få aktivitet tilpassa ditt funksjonsnivå, med eige treningsprogram for betring av di fysiske yteevne. Aktivitetane vil i hovudsak vere i gruppe, men du vil få eit individuelt tilpassa program der aktivitetane er gradert og tilpassa ditt funksjonsnivå. Vi har mange spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. For dei som ynskjer det, er det også mogeleg å delta på ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering, kano/kajakkpadling. I tillegg er det mogeleg å delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar. Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim. Samarbeid med kommunen om oppfølging av tiltak etter utskriving og eventuell utarbeiding av individuell plan, kan vi og bistå deg med.

Vi har eigne gruppeopphald for: Parkinson, Multippel Sklerose og Cerebral parese.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, hjelpemiddelsentral eller andre.

Søknad:
Søknad sendast frå fastlege eller spesialist.

Tidlegare pasient fortel:

Kjell fortel om sine erfaringar frå Haugland