Millionstøtte til Delta 2022

Nasjonalt forskings- og utviklingsprosjekt gjev eit nytt løft for fysisk aktivitet og aktivitetshjelpemiddel i rehabilitering.

«Delta – 2022» er eit nasjonalt forskings- og utviklingsprosjekt der bruk av tilpassa fysisk aktivitet, e-helseløysingar og aktivitetshjelpemiddel i rehabilitering for barn, ungdom og vaksne skal optimaliserast. Prosjektet er vinnaren i tildelinga frå Stiftinga Sophies Minde. Med ei bevilling på 3,1 millionar kroner i inneverande år, og nye 3,6 millionar for 2018, er Delta – 2022 eit leiande prosjekt på fagfeltet som er i full gong med å generere viktig kunnskap både på system- og individnivå.

Beitostølen Helsesportsenter (BHSS), Valnesfjord Helsesportsenter (VHSS), Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) og Nasjonal Kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser (NK) er aktørane i «Delta – 2022». Desse institusjonane har i sum nasjonalt leiande erfaring og kompetanse innan tilpassa fysisk aktivitet og aktivitetshjelpemiddel. Dei tildelte midlane skal brukast til å vidareutvikle den felles faglege plattforma og til etablering av nasjonalt einheitleg og likeverdig praksis for innkjøp, tilpassing og opplæring i bruk av aktivitetshjelpemiddel. Utvikling av ny kompetanse står sentralt, saman med aktiv brukarmedverknad og samhandling med kommunar, habiliteringseiningar og koordinatorar både i kommune- og spesialisthelsetenesta.

Det er eit felles overordna mål at prosjektet skal bidra til betydeleg auke av personar som nyttiggjer seg og opplever glede ved hensiktsmessige og godt tilpassa aktivitetshjelpemiddel. «Det er nødvendig å vidareutvikle beste praksis og metodar som også fangar opp og er i takt med brukarane sine endra behov og krav, nye aktivitetstrendar og teknologisk utvikling», påpeikar leiar av styringsgruppa for det nasjonale prosjektet, Astrid Nyquist, direktør ved BHSS.

Aktivitetshjelpemiddel er i denne samanhengen utstyr som er spesielt utvikla for at personar med funksjonsnedsetjingar skal kunne oppnå så sjølvstendig deltaking i aktivitet som mogeleg, og i størst mogeleg grad oppretthalde funksjonsevne. Aktivitetshjelpemiddel må ofte tilpassast individuelt, og det ideelle er praktisk utprøving over noko tid, støtta av velutvikla pedagogiske metodar og teknologiske verktøy, samt god brukarinvolvering.

Viljar Aasan, idrettspedagog og mangeårig ansvarleg for aktivitetshjelpemiddel ved BHSS er fagleg leiar av prosjektet. Han framhevar at resultata så langt underbyggjer behovet for god og konstruktiv dialog med NAV Hjelpemiddelsentralar sentralt og regionalt, og det er lagt eit godt grunnlag for vidare samarbeid knytt til kompetanse- og praksisutvikling mellom anna gjennom nasjonale og regionale felles fagsamlingar.

I tillegg til dette har Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser ansvar for eit pågåande doktorgradsprosjekt, også finansiert av SSM, som har tittelen ”Aktivitetshjelpemidler, kunnskap og deltakelse”. Stipendiat Svein Bergem forskar her på betydninga av kunnskap og kompetanse om aktivitetshjelpemiddel hjå fagpersonar og brukarar, og korleis slik kunnskap kan bidra til auka sosial deltaking. Prosjektet skal fokusere på kva kunnskap ulike aktørar på lokalt nivå (tenesteytarar, formidlarar, frivillige lag/organisasjonar, brukarar, familie) har om aktivitetshjelpemiddel og deira mogelegheiter og begrensningar, og gje svar på korleis kunnskapsbygging og kunnskapsformidling om aktivitetshjelpemiddel kan auke og betre bruk av aktivitetshjelpemiddel tilpassa dei ulike brukargruppene. Desse to prosjekta blir gjennomførte delvis  parallelt og dei dreg nytte av kvarandre sine erfaringar. Det siste prosjektet er inne i sin siste fase og vil vere sluttført i 2018, medan det første vil vere sluttført i 2019. Saman vil desse to prosjekta gje feltet mykje ny og praktisk anvendeleg kunnskap som vil kome brukarane til gode i framtida.

Direktør Inger Johanne Osland ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, er svært glad for å vere del av denne satsinga. Dette har stor betydning for senteret sin vidareutvikling som helsesportssenter. Tidlegare er det dei to andre helsesportssentera som har vore fyrtårn innan utprøving og tilpassing av aktivitetshjelpemiddel I Norge. No når vi er vi invitert inn i dette samarbeidet er vi glad for å kunne vere med og bidra i det nasjonale løftet. I tillegg er det spennande å kunne få til eit løft på utvikling av aktivitetshjelpemiddel for fjord, sjø- og fjæreaktiviteter. Dette prosjektet muliggjer ei slik satsing. Fjord og sjø er ein flott arena for aktivitetar, men dessverre er det framleis lite kunnskap om tilrettelegging av aktivitetar for personar med funksjonsnedsetjing på sjøen, seier Kirsti Hellesøy. Ho er ergoterapeut ved RKHR og skriv for tida på ei masteroppgåve om erfaring med å bruke sjøen som rehabiliteringsarena. «Mange som tidlegare har brukt sjø som aktivitetsarena, opplever å miste denne mogelegheita når de får ein skade. Vår oppgåve er å bidra til å skape trygge rammer for utprøving og utvikling av nye aktivitetshjelpemiddel for sjø. Dette må gjerast i samarbeid med lokale aktørar slik at brukarane har mogelegheit til å kunne delta i aktivitetar lokalt.»

Samarbeidet med leverandørar, NAV og ulike utdannings- og forskingsmiljø kan gjere oss i stand til å bidra til utvikling av nye hjelpemiddel og vidareutvikling av allereie eksisterande produkt. «Her ser vi også på ulike teknologiske løysingar og verktøy for utprøving og tilpassing av aktivitetshjelpemiddel», seier Viljar Aasan, som saman med Camilla Holmøy er hovudaktørane frå BHSS si side i prosjektet. I 2018 vil prosjektet «Delta 2022» vidareutvikle nettverkssamarbeidet i form av ein meir tydeleg definert klyngestruktur mellom nasjonale aktørar og auka fokus på forsking og kunnskapsutvikling. I dette nasjonale kompetansenettverket har BHSS ei leiande rolle, og forskingsleiar ved senteret, seniorforskar Reidun Jahnsen, er sikker på at et bærande element framover er å knytte prosjektet til eit etablert nasjonalt og internasjonalt forskingsnettverk som saman med dei fire aktørane i prosjektet kan vere både arena for kompetanseutvikling og kompetansespreiing.

VHSS har eit nært og godt samarbeid med NAV HMS Nordland. Det har vore halde fleire samarbeidsmøter i løpet av året, både for å kvalitetssikre og forbetre avtalen mellom dei to aktørane, men også for å gjennomføre kurs for lokale terapeutar i Nord Norge, samt utvikle og utprøve polikliniske dagar med utprøving av AHM saman med NAV. Prosessen med å utvikle samarbeidet med HMS i Troms og Finnmark er komen i gong i løpet av hausten. I løpet av siste året har det vore produsert 2 filmar om AHM. Den eine filmen handlar om betydninga av AHM («Teknikkens muliggjører»), medan den andre filmen viser framgangsmåten ved søknad om AHM. Det har komt mange gode tilbakemeldingar på desse filmane. Alle studentar som er i praksis, samt besøkande og hospitantar får informasjon om og demonstrasjon av AHM, medan friluftsstudentar frå Nord Universitet og turnuskandidatar i fysioterapi i Nordland har hatt fagdagar på VHSS, med bl.a. undervisning om AHM. Saman med fagpersoner ved BHSS og RKHR blir det jobba med felles nasjonale kartleggingsskjema og prosedyrar for søknader. Det er inspirerande og utviklande å jobbe saman om felles prosjekt som kan bidra til felles praksis i institusjonane, og dermed også nasjonalt. Liv Ilseng arbeidar med ei masteroppgåve med arbeidstittel: «Aktivitetshjelpemidler og deltakelse i fysisk aktivitet», og har vore frikjøpt 2 månader hausten 2017.

For meir informasjon, ta kontakt med Inger Johanne Osland, direktør ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, tlf. 41448295.