Kreft

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har sidan oppstarten i 1992 gjeve tilbod om rehabilitering etter kreftsjukdom. Allereie i 1998 starta vi å forske på rehabilitering for brystkreftopererte kvinner, og har i tida etter vidareutvikla tilbodet til å omfatte ulike kreftdiagnoser.

Vi gjev i dag tilbod om spesialisert kreftrehabilitering på døgnopphald. Det å få ei kreftdiagnose og gjennomgå behandling set sine spor både fysisk og psykisk. Erfaring og forsking viser at det tek tid å byggje seg opp etter både kreftsjukdom og behandling. Å gje seg sjølv denne tida, og å gjere det gradvis, viser seg å vere ei god investering i framtida.

Målgruppe:
Tilbodet vårt er til deg som har vore gjennom kreftbehandling, og som ikkje lenger står midt i den aktive sjukdommen.

Mål:
Å lære hensiktsmessige meistringsstrategiar for å finne tilbake til rolla di i familien, i ditt sosiale liv og i arbeid.

Tiltak og metode:
Vi tilbyr både individuelle- og gruppeopphald, og eit slik opphald kan kanskje vere starten på ein god rehabiliteringsprosess for akkurat deg. Vi arbeider tverrfagleg, og nyttar ei heilskapleg tilnærming. Teamet vårt vil ha fokus på ressursane dine, og motivere deg på vegen mot å nå dine mål. Ein i teamet vil vere din koordinator under heile opphaldet. Forsking tyder på at det å få fagleg oppfølging og rettleiing i tida etter avslutta behandling, samt å møte andre i same situasjon, kan være til god hjelp for å komme tilbake til ein aktiv kvardag. Ikkje minst kan det vere med på å redusere og førebygge biverknader, følgjetilstandar og seinskader. Tilbodet vårt er til deg som har vore gjennom kreftbehandling, og som ikkje lenger står midt i den aktive sjukdomen. Du vil under opphaldet lære meir om hensiktsmessige meistringsstrategiar for å finne tilbake til di rolle både i familien, i ditt sosiale liv og i arbeid.

I tillegg til individuelle opphald har vi eigne gruppetilbod for brystkreft og tilbod til barn/unge kreftpasientar.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, hjelpemiddelsentral eller andre.

Søknad:
Søknad om opphald må sendast frå fastlege eller sjukehus.