Kreft barn/unge

Rehabilitering gjennom fysisk aktivitet, sosial trening og kjennskap til eigne ressurser og grenser, kan bidra til å redusere seineffekter etter kreftsjukdom. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter som sidan 2011 har hatt tilbod til unge som har gjennomgått kreftbehandling, tilbyr no gruppeopphald for born og unge i aldersgruppa 6-18 år. Målet med behandlinga er å førebygge seineffektar, gje meistringsopplevingar og legge til rette for at barnet/ungdommen skal få utnytte sitt potensiale. Under opphaldet er det i tillegg eit eige opplegg for pårørande/føresette med samtalegrupper og undervisningar i relevante tema. Foreldre kan søke om opplæringspenger frå NAV for å få dekt tapt arbeidsinntekt for å delta på dette, sjå nav.no for meir informasjon.

Søknader motteke etter søknadsfrist vil bli vurdert dersom det er ledig plass i gruppa.

Gruppeopphald