Badevakt

Søknadsfrist: Søndag 14.12.2025

Oppstart: Januar 2026 eller etter avtale

Søknad merkast:  Badevakt

Kontaktperson: Ragnhild Follevåg, leiar utadretta aktivitet, 57 73 71 14

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Om stillinga

Vi har ledig fast stilling som badevakt ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Stillinga er ledig frå januar 2026, men dato for oppstart kan diskuterast.

Som badevakt har du ansvar for tilsyn og tryggleik for badegjestane. I tillegg er det praktiske oppgåver, billettsal og varesal i kiosk. Du skal yte god service og vere imøtekommande overfor gjestane.

Jobben inngår i fast turnus med arbeid 2. kvar søndag.

Kvalifikasjonar/ personlege eigenskapar

Badevakter må vere trygge i vatn og må gjennomføre teoretisk og praktisk livredningsprøve kvart år. Ein må beherske norsk og engelsk munnleg.

Til denne stillinga ynskjer vi helst at du er fylt (evt. snart fyller) 18 år. Du kan likevel søke om du er fylt 16 år. For å kunne ha tilsyn med begge garderober, ønsker vi å ha badevakter av begge kjønn. Vi ser no etter ei jente/ dame.

Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.