100% vikariat som fysioterapeut
Søknadsfrist: 04.12.2025
Oppstart: Snarleg eller etter avtale
Søknad merkast: Vikariat fysioterapeut
Kontaktperson: Teamleiar Katrine Field, telefon 57 73 71 37
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Om stillinga
Har du erfaring med eller interesse for rehabilitering? Då kan dette vere ein spanande moglegheit for deg! Vi har ledig eit 100 % vikariat i vårt fysioterapiteam. Stillinga er ledig frå 5. januar 2026 og har varigheit til 31. desember 2026. Det kan bli aktuelt med forlenging.
Hos oss blir du del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og ressursfokus i møte med pasientane. Vi tilbyr moderne fasilitetar og ei naturnær ramme som gir gode vilkår for både pasientar og tilsette.
Arbeidsoppgåver:
Som fysioterapeut hos oss får du jobbe tett på pasientane i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse. Du vil ha ansvar som kontaktperson/primærkontakt, noko som inneber å følgje opp pasientar under opphaldet, utføre kliniske undersøkingar, tilpasse treningsopplegg og bidra aktivt i teamet rundt pasienten. Arbeidet skjer både i basseng, gymsal, treningssal og ute i naturen – omgjevnader som vi brukar aktivt i rehabiliteringa.
Kvalifikasjonar/ personlege eigenskapar:
- Autorisasjon som fysioterapeut
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Gode samarbeidsevner, og erfaring med tverrfagleg arbeid
- Evne til å vere fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Vi tilbyr:
- Arbeid med utfordrande faglege og varierte oppgåver i eit engasjert tverrfagleg miljø
- Varierte arbeidsoppgåver i eit høgt kompetent fagmiljø med fokus på utvikling og samarbeid
- Konkurransedyktige vilkår
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø