Etter rehabiliteringsopphald på Haugland, tenker Johannes trening i kvart tak

Om det er hagearbeid eller andre oppgåver Johannes skal i gang med, så gjer han det med erfaringa frå Haugland i tankane.

Johannes si erfaring er eit døme på eit viktig prinsipp på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Nemleg at pasientane skal få erfaringar å ta med seg heim etter opphaldet her. Erfaringar som hjelper deg til å meistre kvardagen med dei utfordringane du har.

På Haugland legg vi vekt på både fysisk og psykisk helse. Verktøya våre er friluftsliv, tilpassa fysisk aktivitet, samtalar og undervisning.

Her møtte han andre i same situasjon

På midten av 90-tallet begynte Johannes å merke at noko var i endring i kroppen. Han var inn og ut av Haukeland sjukehus. Etter mange år med uvisse, fekk han i 2002 diagnosen Parkinson.

«Å få ein kronisk, uhelbredelig diagnose, var eit voldsomt nederlag», fortel han.

På tross av den vanskelege situasjonen, ønskte Johannes å vere i arbeid. Etter kvart var han tilbake i halv stilling, noko som betydde mykje.

Fastlegen til Johannes foreslo eit gruppeopphald på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Senteret har lang erfaring med gruppeopphald for Parkinson, og likemannsprinsippet står sterkt. Det føltes trygt og godt å komme hit.

«Det gjer godt å møte andre menneske som har nokre av dei same utfordringane som ein sjølv har. Og å kunne le og ha det moro saman i det alvorlege,» fortel Johannes.

Trener med hagearbeid

Johannes fortel at han vart teken godt imot av dei tilsette.

«Det er godt å møte eit tverrfagleg team som ser heile deg, og som motiverer og støtter deg,» seier han.

Å få snakke om Parkinson og utfordringane knytt til diagnosen, men også om heilt andre ting, har vore viktig.

Johannes har tatt kunnskapen han fekk om både tilpassa fysisk aktivitet og mental helse med seg heim, og praktiserer det i kvardagen.

Han tenkjer trening og store bevegelser i alt han gjer. Om det er hagearbeid eller andre kvardagslege gjeremål, så gjer Johannes det med lærdommen frå Haugland i tankane.

«Det gjer godt å møte andre menneske med nokre av dei same utfordringane som meg.»

Johannes og fysioterapeut Henning i full gang med dagens treningsøkt.