Her vil du finne noko informasjon om kva som skal skje på gruppa di under rehabiliteringsopphaldet.

Ynskjer du meir informasjon over turmoglegheitene rundt senteret finn du turkart og turskildingar her og på turistforeningen sine nettsider Ut.no

Informasjon om videokonferanse

Vi tilbyr videokonsultasjon som eit ledd i oppfølging av pasientar etter avslutta opphald ved senteret, dette kan vere individuell oppfølging eller gruppetilbod. Dette vert avtala med pasient før avreise, og det skal alltid føreligge samtykke før evt. videokonferanse.

Vi kan på ein enkelt og sikkert måte snakke med pasientane våre i virtuelle møterom. Vi kan også bruke virtuelle møterom til undervisning, gruppsamtaler, trening der fleire kan delta frå ulike lokasjonar.

Generell informasjon:

  • Vi brukar Norsk Helsenett si videoløysing join.nhn.no, som er nettbasert og sikkerheitsgodkjend
  • Du kan velje om du vil bruke PC, Mac, nettbrett eller smarttelefon
  • Videosamtala er kryptert og det vert ikkje gjort noko opptak av samtala
  • Løysinga krev ikkje noko form for nedlasting eller ekstrautstyr utover tilgang til internett og mobil, nettbrett eller PC med Webkamera og mikrofon.
  • Krav til teieplikt gjeld for videokonferansar som ellers i helsevesenet, jfr helsepersonelloven og pasientrettighetsloven. Videosamtala bør føregå frå eit rom der du kan vere åleine. Om du ynskjer at andre skal delta i samtala, må du opplyse om dette i starten av samtala og den du har med deg skal presentere seg på skjermen.

Pålogging til videokonsultasjon

  • Du vil motta informasjon om møtetidspunkt frå Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i forkant av videosamtala
  • Du vil også motta brukarrettleiing og eit 6-sifra nummer du skal ringe opp
  • Vi anbefalar at du brukar Google Chrome som nettlesar, frå MAC, Ipad eller Iphone er nettlesar Safari anbefalt.


Brukarrettleiing:

Nedanfor finn du ei kort, detaljert brukarrettleiing og ein kort film som viser korleis du kan kople deg opp til det virtuelle møterommet. Vi anbefalar at du les gjennom brukarrettleiinga på førehand og gjerne prøver litt på eiga hand om du får opp kamera og lyd. På den måten vil ein vere best mogeleg førebudd til å starte samtala til avtalt tid.

Rettleiing: Korleis bruke join.nhn.no ?

Kort video: Korleis bruke join.nhn.no

Logg på til videomøte

Korleis teste oppkopling med lyd og bilete før videokonsultasjon?
1. Gå til join.nhn.no
2. Skriv inn namnet ditt
3. Klikk på Video og tast inn fylgjande testnummer: 998112
4. Følg instruksjonane på skjermen.

Personvern
V
ed å kople deg opp til  videokonsultasjonen, godtek du videomøte med behandlar knytt til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter for å utveksle opplysingar knytt til helsa di eller den eventuelle behandlingssituasjonen din. I videomøtet vil kommunikasjonen gå føre seg med lyd- og bildeoverføring via sikkert samband. Det vert ikkje lagra opptak frå møtet.