Hjerneslag

Målgruppe:
Tilbodet er for personar som har hatt hjerneslag og som har behov for oppfølging i spesialisthelsetenesta.

Mål:

  • Lære hensiktsmessige meistringsstrategiar etter alvorleg sjukdomsforløp, for å gjenoppta deltaking sosialt og evt. utdannings- og arbeidsdeltaking
  • Fokus på livsstilsendring, trening og mestring

Tiltak og metode:

Vi har god tverrfagleg kompetanse ved institusjonen og kvar pasient har ein dedikert koordinator frå fagteamet. Pasientar med hjerneslag vil i hovudsak møte sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og lege. Andre aktuelle faggrupper kan være ernæringsfysiolog, sosionom, samhandlingskoordinator og logoped, dette vert vurdert individuelt. Fleire i tverrfagleg stab har utdanning i kognitiv terapi.

Det er fokus på styrking av pasienten sine ressursar og moglegheiter, og det vert utarbeidd individuell behandlingsplan for alle pasientar. Tiltak  kan vere:

  • Tverrfagleg spesialisert rehabilitering med fokus på tilpassa fysisk aktivitet og kognitive endringsprosessar
  • Kartlegging av funksjonsevne
  • ADL vurdering
  • Styrking av eigne ressursar og moglegheiter
  • Opplæring/rettleiing/rådgjeving
  • Individuell trening/behandling
  • Treningsterapi: tilrettelegging/instruering av eigentreningsprogram
  • ADL-trening ved tverrfagleg team
  • Vurdering og utprøving av aktivitetshjelpemiddel/ ADL- hjelpemiddel
  • Spesifikk undervisning retta mot kosthald og røykeslutt

Vi har varierte fasilitetar både ute og inne, og er godt tilrettelagt for dei som nyttar ganghjelpemiddel eller rullestol. Vi har særleg gode moglegheiter for treningssal, bassengaktivitet og friluftsopplevingar. Spesielle meistringsaktivitetar er innandørs skytebane tilrettelagt for rullestol, tilrettelagt klatrevegg, samt padling på fjorden.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, koordinerande eining i kommunen, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, Lærings- og meistringssenter, hjelpemiddelsentral eller andre.

Søknad:
Søknad om opphald må sendast frå fastlege eller sjukehus