Utdanningsstillingar

Utdanningsstilling for lege i spesialisering

Senteret er godkjent som utdanningsinstitusjon gruppe II for inntil to år. Utdanningsstillinga kan nyttast til spesialisering innan Fysikalsk medisin og Rehabilitering, samt til spesialisering innan Allmennmedisin. Rettleiar er senteret sin overlege.

Turnuskandidat i fysioterapi

Senteret er godkjent som turnusplass for fysioterapikandidatar. Kvart år tek vi imot to fysioterapikandidatar som er her seks månader kvar. Dei kjem i hovudsak frå Høgskulen i Bergen eller frå Høgskolen i Sør Trøndelag. Rettleiar er kvalifisert fysioterapeut ved senteret.

Stipendiatar

Dei siste åra har vi hatt fleire stipendiatar tilsett ved eller knytt til Haugland Rehabiliteringssenter. Alle har i sine doktorgrader tatt utgangspunkt i pasientar som har vore til rehabiliteringsopphald ved senteret.

For nærmare beskriving av dei aktuelle prosjekta, sjå under “Forsking og utvikling”.