Prosjektet fokuserer på utdanning og rehabilitering for unge frå konfliktområde, med skadar frå mellom anna eksplosiv som landminer, frå andre traumar, frå stigmatisering og frå flukt.
Dette er eit mulitidisiplinært samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors, United World College Røde Kors Nordisk (UWCRCN), Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) og Haugland Internasjonale forsking og utviklingssenter (HIFUS).
Kvar eining bidreg med ekspertkompetanse på sine felt; humanitært arbeid, utdanning, helsefremming og forsking. Prosjektet er støtta finansielt gjennom Røde Kors si rammeløyving frå Utanriksdepartementet.
Målet er å fremme utdanning og tilpassa rehabilitering for ungdomar frå konfliktområde, for å bidra til meistring, auka deltaking og livskvalitet.
Eit hovudmål for prosjektet er at studentane returnerer til sine heimland og bidreg med sine ressursar i lokalmiljøet etter endt utdanning. Ei utdanning frå United World College opnar i tillegg mange dører for vidare akademiske studiar.
I prosjektet utnyttar ein spisskompetansen innan internasjonal utdanning og tverrfagleg rehabilitering på dei to Røde Kors-institusjonane på Haugland. To nye deltakarar blir rekruttert til prosjektet kvart år. Prosjektdeltakarane får tilbod om stipend til eit studietilbod ved UWCRCN i Flekke i Vestland Fylke, på lik linje med dei andre elevane ved skulen. Samarbeid og lokalisering saman med RKHR syter for rehabilitering på spesialistnivå. Gjennom rehabilitering jobbar ein for å sikre at deltakarane sine fysiske behov blir dekka, samt for å auke evna til å gjennomføre daglege aktivitetar og deltaking. HIFUS står for forsking og administrasjon av prosjektet.
Vi ønskjer å studere effektane programmet har på deltakarane og deira fysiske og mentale helse med forskings-metodikk og intensjon. Prosjektet starta i 2011, og resultata så langt motiverer til å gjere dette til eit permanent tilbod, utvida med eit forberedande år der ein ser det som hensiktsmessig.
Du finn meir informasjon om survivors of conflict-programmet her.