I perioden 01.01.15 til 30.06.15 får pasientar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter tilbod om å delta i forskingsprosjektet «Rehabilitering i Helse Vest». Ansvarleg for studie er Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Helse Bergen HF. Målet med prosjektet er å få meir kunnskap om kven som får tilbod om rehabilitering ved ein rehabiliteringsinstitusjon, og korleis det går med pasientane etter avslutta opphald.
Prosjektet går over 3 år, der pasientar som ynskjer å delta får eit spørjeskjema når dei har takka ja til tilbod om plass ved Haugland Rehabiliteringssenter eller ved ankomst «RKHR», i tillegg får dei tilsendt oppfølgingsskjema eitt og tre år etter avslutta opphald.
Du kan lese meir om prosjektet heimesidene til kompetansesenteret.
PhD-stipendiat Vegard Pihl Moen fått publisert ein artikkel frå dette arbeidet, og den kan du lese her.