KOFU
Arbeidslivet krev god kognitiv og emosjonell funksjon for å møte krav til sjølvstendig arbeid, sosiale og emosjonelle ferdigheter, arbeidstempo, fleksibilitet og mestring av ulike roller. Avgjerande kognitive evner for å prestere godt i arbeidslivet er til dømes minne, merksemd, konsentrasjon og planlegging. Det er påvist at fysisk aktivitet, som vanlegvis er eit viktig tiltak i arbeidsretta rehabiliteringsprogram, betrar kognitive funksjonar som merksemd, minne, planlegging og psykologisk fleksibilitet. Desse funksjonane er viktige i arbeidslivet, både om ein utfører fysisk krevjande arbeid eller sit på kontor.
Ein veit lite om samanhengen mellom kognitiv funksjon og deltaking i arbeidslivet hjå personar som deltek i arbeidsretta rehabilitering (ARR) i Norge. Målet med kognitiv tilnærming i ARR er betring av funksjonsnivå, arbeidsevne, merksemd og konsentrasjon, minne, auka oppmerksamt nærvær, bevisstheit på eigen kropp og kjensler, betra mestring av stress og smerter både heime og i arbeid.
Kognitive tiltak i ARR-intervensjonen er anerkjent som viktige tiltak for å få personar tilbake i arbeid, men kunnskapen om effekten av, og kvaliteten på, desse tiltaka er ikkje systematisk belyst i forskinga. Viss dette ikkje blir undersøkt systematisk frå eit kognitivt psykologisk perspektiv blir det vanskelig å utvikle betra klinisk praksis. Auka kunnskap om kognitiv funksjon innan ARR vil hjelpe forskarar, praktikarar, arbeidsgjevarar, Nav og andre å forstå samanhengen mellom arbeid og helseplager.
Målet med prosjektet er å undersøke i kor stor grad eit ARR-opphald gir endring i kognitiv funksjon og psykisk helse (angst, depresjon, helseplager), og i kva grad endring i kognitiv funksjon kan predikere tilbakeføring til arbeid.
Solide og standardiserte metodar innan kognitiv psykologi vil brukast. Desse skal sikre god kartlegging av kognitiv funksjon hos brukarar innan ARR. Behandlingssuksess innan ARR kan vere avhengig av betring i kognitiv funksjon for berekraftig tilbakeføring til arbeid.
Prosjektet er initiert av Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, og gjennomførast i samarbeid med Valnesfjord Helsesportssenter, Stiftelsen Catosenteret, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Uni Helse, Bergen og FOM Universitetet, Frankfurt am Main, Tyskland.
Prosjektet er finansiert av Forsøksmidler Arbeid og Velferd (NAV) og Helse Nord RHF, og gjennomførast i perioden 2014-2018.