ISIVET
ISIVET (Interdisciplinary structured interview with a visual educational tool) er eit klinisk kartleggingsverktøy som bidreg til at pasienten får betre innsikt om seg sjølv og sine utfordringar, og saman med fagpersonane lettare kan snakke om og gjere gode val.
Kartlegging av faktorar knytt til livskvalitet og yrkesforhold, gjev eit areal som direkte visualiserar situasjonen for personen sjølv og for behandlarar. Ved ny kartlegging kan ein sjå arealendringar. Det blir eit utgangspunkt for å evaluere situasjonen og pågåande tiltak.
ISIVET er utvikla av Randi Brendbekken som er seksjonsoverlege ved avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering, Sykehuset Innlandet og forskar ved Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) på Rauland. Utprøving av ISIVET hos oss skjer i samarbeid med Randi og NK-ARR.
Planlagt oppstart 2022.
Du kan lese meir om ISIVET her: https://isivet.no/
Digital arbeidsretta rehabilitering (Digi Rehab) og VR-prosjekt
Digitalisering kan gjere det mogleg å utvikle nye teneste tilbod basert på ein kombinasjon av konvensjonelle fysiske tilbod og nye digitale løysningar.
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) starta i januar 2021 eit prosjekt med 5 private klinikkar for å undersøke og implementere nye digitale løysningar, som kan forbetre rehabiliteringa. Samtidig vert det etablert digitale læringsarenaer for klinikarar i prosjektet. I tillegg er det ønske om å utvikle bruken av felles kvalitetsregister for arbeidsretta rehabilitering som verktøy for å støtte utviklingsarbeid og dokumentere resultat. Prosjektet vert leia av NK-ARR og dei andre deltakarane er fem private klinikkar med arbeidsretta rehabilitering som tilbod i spesialisthelsetenesta (Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Valnesfjord Helsesportssenter, Muritunet, Hernes Institutt og Rehabiliteringssenteret AiR). Helse Sør-Øst har gitt midlar til prosjektet, desse midlane vert brukt til både lokale FoU-aktivitetar på klinikkane og til forskarar ved NK-ARR.
Ein viktig del av prosjektet er å undersøke nærare på korleis bruk av virtuell verkelegheit (VR-trening) kan gje betre evne til oppmerksomheit. Forsking viser at betring i oppmerksomheit gjev mindre plager, og forverring av oppmerksomheit gjev meir plager. Dette kan verke inn på arbeidsevna, både direkte og indirekte. Oppmerksomheit kan trenast opp og det er behov for meir forsking på korleis dette kan gjerast. VR-trening «låser» merksemda til noko som krev stort fokus. Ved hjelp av forskjellige spill vil ein kunne gje deltakaren positiv forsterking gjennom ulike former for belønning i spillet. Dette vil kunne føre til auka oppleving av meistring. VR-brillene vil avgrense for ytre stimuli og fysisk halde på merksemda for deltakaren. Det er derfor mogleg at bruk av VR-briller vil vere eit spesielt heldig verkemiddel for deltakaren til å trene opp oppmerksomheiten.
I arbeidslivet vil det vere behov for å kunne sortere vekk stimuli for å rette konsentrasjonen mot visse oppgåver. VR-briller kan truleg auke denne fokusevna.
Rekruttering av deltakarar startar januar 2022.
Du kan lese meir om VR-prosjektet her: Digital arbeidsretta rehabilitering
For Alle
Samarbeidsprosjekt med føremål å utvikle aktivitetshjelpemiddel knytt til aktivitetar på fjorden, sjå meir her: For Alle AS
RehabNytte
Multisenterstudien RehabNytte er eit samarbeid mellom 17 private rehabiliteringsinstitusjonar frå alle helseregionar organisert gjennom forskings- og utviklingsnettverket i dei private rehabiliteringsinstitusjonane (FoU-nettverket i Virke Rehab), i samarbeid med Nasjonal kompetansetjeneste for revmatologisk rehabilitering (NKRR), Nasjonal kompentansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering (NK-ARR) og regional kompetansetjeneste for rehabilitering Helse SørØst (RKR-HSØ).
Overordna mål med prosjektet er å bidra til betre og meir effektive rehabiliteringstenester, ved å undersøke kva nytte pasientar har av rehabilitering, auke kunnskap om grad og betydning av brukarmedverknad og kvalitetssikre måleinstrument til bruk i forsking og evaluering av rehabilitering i Noreg.
Rekruttering av deltakarar starta januar 2019 og på gjekk fram til mars 2020. Totalt er omlag 4000 pasientar blitt inkludert i studien.
Prosjektet er delt til tre arbeidspakker: brukarmedverknad(AP1), nytte av rehabilitering på arbeidsdeltaking (AP2), nytteverdi av rehabilitering og nytte av kvalitetsindikatorar i rehabilitering (AP3).
AP1 og AP2 har fått eksterne midlar frå Stiftelsen DAM til PhD-stipendiatstillingar. I tillegg finansierer FoU-nettverket saman med NKRR ein postdoc som skal jobbe med AP3.
Alle institusjonar som har levert data til studien får moglegheit for medforfattarskap i fleire artiklar (potensielt 11 vitskapelege hovudartiklar). Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter skal bidra aktivt i dette arbeidet.
Her kan du lese meir om RehabNytte