I samhandlingsprosjektet såg ein på korleis ein kan betre koordineringa og samhandlinga mellom pasient, lokale aktørar og rehabiliteringsinstitusjonen for saumlause forløp med pasient og pasienten sitt mål i sentrum. Prosjektet var delt inn i fire delprosjekt, og vart finansiert av Helsedirektoratet.
Delprosjekt 1: Utvikling av ein modell for samhandling mellom lokale NAV-kontor, kommunehelsetenesta og rehabiliteringsinstitusjon.
I delprosjekt 1 var hovudmålet å betre koordineringa mellom ulike aktørar for å skape eit samanhengande og heilskapleg rehabiliteringsforløp for den enkelte pasient. Delmål var å auke kunnskap om kvarandre sin kompetanse, og integrere behandlingstilbodet ved rehabiliteringsinstitusjonen inn i det lokale rehabiliteringsforløpet for å auka effekten. Ein ønskte også å skape gode møteplassar.
Prosjektet viste at det var rom for å betre samhandlinga både internt i den enkelte kommune, og mellom kommunehelsetenesta og spesialistinstitusjon. Det vart laga ei skisse til modell, der ein la til rette for betre kommunikasjon mellom aktørane både før, under og etter rehabiliteringsopphaldet. Delprosjekt 1 starta våren 2009 og var ferdigstilt juni 2010.
Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 1 her.
Delprosjekt 2: Utvida samhandling i form av felles utskrivingssamtale under tverrfagleg institusjonsbasert rehabilitering på spesialisthelsetjenestenivå.
Hovudmålet med prosjektet var å prøve ut felles utskrivingssamtale med videokonferanse som samhandlingsarena. Ein ønskte eit tverrfagleg, tverretatleg og tverrsektorielt samarbeid, auka samhandling for å oppnå kontinuitet, og konsensus i rettleiing og rehabiliteringsforløp for pasienten. Ein ønskte også å fremme eit ressursfokus med pasienten i sentrum.
Kommunikasjon mellom dei ulike aktørane føregjekk ved hjelp av videokonferanse. På den måten fekk vi og evaluert og sett på videokonferanse som teknologisk verkemiddel for å gjere samhandling i områder med stor geografisk spreiing mogeleg.
Ut frå tilbakemeldingane frå deltakarane er det mykje som tydar på at ein utvida samhandlingsdimensjon vil virke positivt inn på pasienten si måloppnåing. Delprosjekt vart gjennomført i perioden februar til april 2013.
Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 2 her.
Delprosjekt 3:Evaluering av en modell for samhandling i praksis mellom NAV, kommunehelsetjeneste og rehabiliteringsinstitusjon.
Overordna mål med dette prosjektet var å betre koordineringa mellom dei ulike involverte aktørane for å skape eit samanhengande og heilheitleg rehabiliteringsforløp. Ein ville evaluere heile modellen med samhandling før, under og etter rehabiliteringsopphald.
Mellom elementa ein såg på her var korleis tett samhandling opplevast opp mot «vanlig prosedyre», opplevinga med bruk av videokonferanse og telefonmøter, praktiske erfaringar med å vere i dialog etter strukturert mønster, samt å avdekke mogelegheiter for forbetringar og utfordringar med videokonferanse.
Reint praktisk var det dialog med pasient og fastlege før opphald, møte i løpet av veke 2 under opphaldet, og felles videoutskrivingssamtale ved avreise.
Det er sterke indikasjonar på at denne samhandlingsmodellen kan vere eit nyttig verkemiddel som gir auka måloppnåing i rehabiliteringsprosessen og kan gjere at pasienten kjem raskare tilbake i arbeid.
Modellen vart vurdert med kvalitativ forskingstilnærming. Delprosjekt 3 starta opp i november 2013 og vart ferdigstilt i mai 2014.
Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt her.
Delprosjekt 4: Utprøving og evaluering av samhandling med pasienten sin arbeidsgjevar og NAV som ein del av arbeidsretta rehabilitering.
Delprosjekt 4 var eit utviklingsprosjekt med oppstart august 2013 basert på kunnskap frå delprosjekt 1og 2, og blei gjennomført parallelt med delprosjekt 3. Her vart også arbeidsgjevar inkludert i samhandlinga.
Hovudmål var i dette prosjektet å betre kartleggingsarbeidet rundt pasienten. Eit sentralt spørsmål var «Korleis støtte opp under pasienten sitt prosjekt og få arbeidsgjevar med på lag, så pasienten føler seg trygga og støtta?»
Ut i frå resultat frå spørreskjema og vår prosess er det mykje som tydar på at samhandling med arbeidsgjevar tryggar pasient og til dels også arbeidsgjevar i vidare samhandling lokalt. Delprosjekt 4 vart gjennomført i perioden november 2013 til mai 2014.
Du kan lese sluttrapport frå delprosjekt 4 her.