Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) var med på ein multisenterstudie der standardiserte spørjeskjema som kartlegg helseplager og funksjonsevne relatert til jobb vart testa ut. Dei skjema ein undersøkte var Norsk funksjonsskjema (Norfunk) og Arbeidsbeskrivelse, Helseproblemer siste 30 døgn (SHC) og Smerte, fysisk aktivitet og jobb (FABQ).
I studien har ei sentral problemstilling vore om skjemaene kan brukast slik at innsamla informasjon kan nyttast i klinisk arbeid. Andre problemstillingar har vore om dei predikerer tilbakegang til arbeid etter rehabilitering, og om dei fangar opp endring.
Følgjande rehabiliteringssenter var med på studien:
- Attføringssenteret i Rauland
- Bakke opptreningssenter
- Catosenteret
- Hernes Institutt
- Hokksund kurbad
- Muritunet
- Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
- Valnesfjord Helsesportssenter
- Reykjalundur (islandsk rehabiliteringsinstitusjon)
For meir informasjon kan du sjå saker på nettsidene til Nasjonalt kompetansesenteret for arbeidsrettet rehabilitering i Rauland (AIR).