Avslutta prosjekt

Survivors of conflict:

Røde Kors og institusjonane på Haugland har tilbydd utdanning og rehabilitering av unge frå konfliktområde. Les meir

Kognitiv fungering (KOFU):

Eit stort multisenterstudie på kognitiv funksjon og psykisk helse sin innverknad på arbeid. KOFU-prosjektet vart leda av Thomas Johansen ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, og tre rehabiliteringsinstitusjoner, der vi saman med Valnesfjord Helsesportssenter og Catosenteret bidrog i undersøkelsane.

Tittel: «Kognitive tiltak innen arbeidsrettet rehabilitering: Undersøkelse av kvalitet og effekt».
Formål: Undersøke i kva grad eit ARR-opphold gjev endring i kognitiv fungering og psykisk helse (angst, depresjon, helseplager), og i kva grad endring i kognitiv fungering kan predikere tilbakeføring til arbeid.
Eksempel på kognitive evne er: hukommelse, oppmerksomhet, konsentrasjon, planlegging, psykologisk fleksibilitet.
For mer om prosjektet, les her

Delta 2022:

Nasjonalt forskings- og utviklingsprosjekt for å løfte fysisk tilpassa aktivitet for menneske med funksjonsnedsetting og aktivitetshjelpemiddel i rehabilitering, herunder generere viktig kunnskap både på system- og individnivå.
Prosjektet var eit samarbeid mellom Beitostølen Helsesportsenter (BHSS),  Valnesfjord Helsesportsenter(VHSS), Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) og Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser. Prosjektet fekk midlar frå Stiftinga Sophies Minde, BHSS leia prosjektet, les meir

Rehabilitering i Helse Vest:

Haugland Rehabiliteringssenter deltok i perioden 01.01.15 til 30.06.15 i forskingsprosjektet «Rehabilitering i Helse Vest» saman med andre rehabiliteringsinstitusjonar i regionen. Målet var å få meir kunnskap om kven som får tilbod om rehabilitering ved ein rehabiliteringsinstitusjon, og korleis det går med pasientane etter avslutta opphald.

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, Helse Bergen HF, var ansvarleg for studie. Publiserte artiklar og sjølve dr.gradsarbeida finn du her

KaNo:

Dei fleste unge som får kreft overlever sjukdomen, men forsking viser at mange opplever at overgangen frå behandling til kvardagsliv kan vere tøff.  KaNo prosjektet utvikla og testa eit strukturert og målretta rehabiliteringsprogram for denne gruppa. Les meir

Funksjonstesting:

Saman med fleire bedrifter og institusjonar såg vi på mogelegheiter for å måle funksjon ved hjelp av avanserte sensorar og kompleks statistikk. Les meir

Samhandlingsprosjekt:

I samhandlingsprosjekta såg ein på korleis ein kan betre koordineringa og samhandlinga mellom pasient, lokale aktørar og rehabiliteringsinstitusjonen for saumlause forløp med pasient og pasienten sine mål i sentrum. Les meir

ICF Kjernesett rygg:

ICF er Verdas Helseorganisasjon sitt klassifiseringssystem for funksjon, sjukdom og helse. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter var med og vurderte kjernesett for korsryggsmerter. Les meir

Brystkreft:

I perioden 2000 til 2007 gjennomførte Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter fleire studiar på rehabilitering av kvinner med brystkreft. Les meir

Fysisk aktivitet og overvekt:

Fleire ulike forskingsstudiar har blitt gjort på data henta inn frå pasientar ved RKHR. Les meir

Norfunk:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) var med på ein multisenterstudie der standardiserte spørjeskjema som kartlegg helseplager og funksjonsevne relatert til jobb blei testa ut. Prosjektet vart starta 1.1.2007, og vart avslutta i 2016 Les meir