Ferdig med behandling for brystkreft – Kva no?

Etter at kreftbehandlinga er over, dukkar det ofte opp nye spørsmål og problemstillingar. Kva er seineffektar og korleis skal eg handtere dei? Korleis skal eg kome i gang og kva er lurt for meg no? På Hauglandsenteret har vi jobba med kreftrehabilitering sidan 1992 og forska på rehabilitering etter brystkreftbehandling. Du møter eit tverfagleg team med kompetanse på og erfaring med kreftrehabilitering. Under opphaldet vil du delta på tilpassa og lystbetont fysisk aktivitet. Vi legg vekt på tida etter opphaldet, slik at du er best mulig rusta til tida som kommer.

Opphaldet på Hauglandsenteret varar i tre veker frå onsdag til onsdag og i løpet av dei vekene vil du møte ulike faggrupper. Alle som kjem hit blir tatt i mot i resepsjonen og har ein samtale med sjukepleier første eller andre dagen i opphaldet, avhengig av kva tid du kjem på. I løpet av torsdagen vil du bli tatt i mot av din koordinator (ein fagperson som følger deg gjennom opphaldet) og eventuelt lege. Saman med deg, vil det tverrfaglege teamet lage ein plan for opphaldet utifrå dine behov og utfordringar. Planen evaluerast gjennom opphaldet.

Ved RKHR møter du sjukepleier, fysioterapeut, idrettspedagog og lege, samt ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og samhandlingskoordinator ved behov. Dei ulike faggruppene har erfaring og kompetanse på kreft og kreftrehabilitering. Sjukepleiarane ved senteret er knytt til eitt nettverk for ressurssjukepleiarar med kompetanse på kreft. Dei kan etter samtale med deg ta kontakt med russurssjukepleier eller kreftkoordinator i din heimkommune, som kan følgje deg opp i tida etter opphaldet dersom du skulla ha behov for det.

Brystkreftgruppa består av mellom 4 til 8 deltakare, og er ein del av den grøne gruppa der ein vil ha aktivitet og undervisning i lag med andre pasientar som har ulike problemstillingar. For mange er det viktig å møte andre som har vore i same situasjon som dei. Vi har underveis i opphaldet to samtalegrupper med fagperson og oppfordrar elles til at deltakarane sjølv kan sette av tid til samtalegruppe dersom dei ynskjer det. Brystkreftgruppa har undervisning i relevante tema knytt til fysisk aktivitet, ernæring, seksualitet og samliv og kognitiv terapi. Vi legg til rette for eit opplegg med mellomrom mellom dei ulike øktene slik at du kan hente deg inn igjen ved behov.

Her er eitt eksempel på korleis ein dag på senteret kan sjå ut. Dei rosa aktivitetane er aktivitetar samen med dei andre deltakarane i brystkreftgruppa. Timeplanen er ein meny der du sjølv og i samråd med fagpersonar kan velje kva som er viktig for deg å delta på.

Sjå fleire av våre blogg innlegg

Thaisuppe med kylling