Dagopphald

Vi har tilbod om dagopphald ved senteret. Tilbodet er retta mot pasientar med behov for spesialisert rehabilitering, men som ikkje treng eit døgnbasert tilbod. Dagopphald er eigna for personar som ikkje bur langt frå senteret, og er i hovudsak nytta av pasientar frå kommunane Fjaler, Hyllestad, Askvoll, Gaular og Førde.

Ut ifrå målsettinga di vert det lagt opp eit rehabiliteringsprogram tilpassa deg og di problemstilling. På dagtid er programmet likt som ved eit ordinært døgnopphald. Skilnaden frå døgnopphald, er at du overnattar heime. Lunsj og middag et du ilag med dei andre pasientane, medan frukost ikkje ein del av tilbodet. Lengde på opphaldet og kva dagar du skal møte ved senteret, vert bestemt ved ankomst. Aktiv tid på senteret er kl. 09.00 – 16.00.

Du betaler ein eigendel på kr. 140,- pr. dag, dette gjeld ikkje viss du har Frikort 2 eller godkjent vedtak på yrkesskade.

Fastlege eller annan godkjent tilvisar kan søkje for deg. Informasjon om søknadsprosedyre og søknadsskjema finn du her.

Vanlegvis er det fleire ledige plassar for dagopphald enn for døgnopphald. Det betyr at du kan komme raskare til behandling om du vel å komme hit som dagpasient. Ta kontakt med oss på tlf. 57737100 viss du ynskjer meir informasjon