CFS / ME

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har lang erfaring i behandling av eit bredt spekter av diagnoser og tilstandar, og vi har sidan 2010 hatt tilbod om spesialisert rehabilitering til pasientar med diagnose CFS/ME.

Målgruppe:
Tilbodet rettar seg mot personar som har fått diagnosen CFS/ ME av lett til moderat grad, og som er motivert til å mobilisere eigne ressursar for å betre livskvalitet og gradvis auke deltakinga sosialt og/eller i arbeid.

Mål:
Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim.

Tiltak og metode:
Vi arbeider tverrfagleg og nyttar ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa. Ein i teamet vil vere din koordinator under heile opphaldet. Teamet vårt vil ha fokus på avklaring og betring av di meistrings- og funksjonsevne, samt medisinske problemstillingar som hindrar di deltaking. Aktivitetane vil i hovudsak vere i gruppe, men du vil få eit individuelt program der aktivitetane er gradert og tilpassa ditt funksjonsnivå. Vi har fokus på energiøkonomisering og bruk av trappetrinnsmodell. Vi har mange spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. For dei som ynskjer det, er det også mogleg å delta på ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering, kano/ kajakkpadling.

Vi har fokus på mestring og din medverknad.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, hjelpemiddelsentral eller andre.

Søknad:
Søknad sendast frå fastlege eller spesialist.