Besøk av Helseminister Bent Høie

Publisert: 20.10.2016
Oppdatert: 04.11.2016

Vi har hatt gleda av å ha Helseminister Bent Høie på besøk ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i dag. Han starta dagen med frukost ilag med pasientane, før han fekk nærare orientering om rehabiliteringssenteret og UWC Røde Kors Nordisk.

Gruppebilde

Adm.dir. Inger Johanne Osland og overlege Eirik Fismen orienterte om ressursorientert rehabilitering i spesialisthelsetenesta, og Høie responderte med at denne type tilnærming og tankegang er i tråd med det departementet har fokus på: Korleis kan ein person ha eit så godt liv som mogleg med dei plagene ein har? Han understreka at ingen av oss går gjennom livet utan nokon form for fysiske eller psykiske plager. Det handlar difor mest av alt om korleis ein kan handtere plager best mogleg.

Ministeren fekk omvising på senteret og fekk sjå pasientar i ulike aktivitetar. Han fekk òg prøve den innandørs skytebana ved senteret, til stor begeistring for tilskodarane. Mot slutten av besøket fekk han møte to av deltakarane i «Survival of Conflict» programmet, som retter seg mot ungdom med funksjonshemming frå krigs- og konfliktområder i verda. Desse føl utdanningsprogrammet ved UWC, og får spesialisert rehabilitering hjå oss på rehabiliteringssenteret.

Saman med statsråden var stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og politisk rådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet, Atle Simonsen. Representantar frå Sogn og Fjordane Høgre, Fjaler Høgre og ordførarar frå Askvoll og Fjaler var også til stades.

Takk til Fjaler Høgre ved Eivind Antonisen som inviterte Helseministeren til Haugland.

 

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.