Utleige av kano

Vi har kanoar til utleige i sommarhalvåret. Her er fine moglegheiter for padling både innover og utover i Flekkefjorden.

Alle må ha på seg redningsvest/ flytevest når dei er ute i kano. Om ein ikkje har vest sjølv, har vi til utlån ved senteret. Ein må vere minst to symjedyktige i lag, og ha kjennskap til korleis ein handterer ein kano.

Vi har ansvar for at utstyr er i tilfredsstillande stand. Leigetakar har ansvar for å vurdere sin eigen kompetanse og symjeferdigheit, og har ansvar for sjølve turen.

Pris pr. kano: kr. 50,- / time.

For å sjekke om kanoane er ledige, ta kontakt på tlf. 57 73 71 00.