Styrkerom

På treningsrommet på Haugland er det styrketreningsapparat, ergometersyklar og anna treningsutstyr. For å kjøpe treningskort må ein vere medlem i Svint Idrettslag. Resepsjonen på Haugland Rehabiliteringssenter er behjelpeleg med innmelding i Svint IL.

Alle brukarar skal ha kvalifisert opplæring i bruk av treningsapparata. Svint IL drifter instruktør til opplæring for nye brukarar.

Brukarane må sette seg inn i og signere på retningslinjer for bruk av styrkerommet. Ein må skrive seg inn og ut av bok i resepsjonen for kvar gong ein skal trene. Brukarar må ha med seg treningskort på kvar trening for klipp eller for kontroll. Aldersgrense er 16 år.

Treningstider i styrkerommet:

Måndag til fredag:       kl. 18.00 – 21.45

Laurdag og søndag:     kl. 14.00 – 21.45

Prisar for treningskort:

Prøvetime                         kr. 50,-

Klippekort (12 klipp)       kr. 300,-

3 mnd. kort                       kr. 700,-