Badeland er ope for publikum på søndagar:

Garderobane opnar kl. 11.45 og bassenget opnar kl. 12.00.

I utgangspunktet kan du vere i bassenget så lenge du vil fram til vi stenger kl. 16.00. I periodar med stor pågang må vi likevel sette ei maks. grense på 1,5 time per gjest.

Barn under 10 år må ha følgje med ein vaksen. Dei vaksne har ansvar for eigne barn, inkl. å ha tilsyn med dei i bassenga. Det er i tillegg badevakter til stades.

Billett:

Når du skal booke billett på førehand, går du inn her. Her vel du type billett og kva dato du vil bade. Det går og an å kjøpe billett direkte i billettluka (kortterminal).

Følgjekort vert akseptert. Du kjøper då kun billett for den du er følgje til, men må ha med følgjekort som du viser i billettluka.

Skulle du ha vanskar med betaling, ta kontakt med Badeland tlf. 57 73 71 09 (søndagar kl. 11.30 – 15.30) eller resepsjon pr tlf. 57 73 71 00 (alle dagar).

Klippekort:

Vi har klippekort for barn og vaksne, dette er nytt frå april 2023. Klippekort må kjøpast på nettet, og er gyldig for 12 klipp. Når du kjøper klippekort får du ei elektronisk kvittering med QR-kode, og denne QR-koda er gyldig som betaling 12 gongar i Badeland.

Klippekort er gyldig i to år frå kjøpsdato.

Prisar:

  • Barn (0-2 år) er gratis
  • Barn (3-16 år) kr. 60,-
  • Vaksen kr. 100,-
  • Klippekort barn (12 klipp) kr. 600,-
  • Klippekort vaksen (12 klipp) kr. 1 000,-

Badeland er stengt i forbindelse med jul og nyttår. Dersom bassenget må stengast grunna vedlikehald eller liknande, vert det annonsert på denne sida og på Facebook-sida vår.

Badebua:

Her får du utdelt badeband som viser at du har betalt. I badebua kan du også få kjøpt symjebriller, neseklype, samt hygieneartiklar som såpe, sjampo, badebleier, m.m.