Basseng og fasiliteter

Vi har stort badeanlegg med to basseng, vannsklie og badstover. Det er tilkomst for rullestolbrukarar til begge bassenga.

For retningslinjer ved bruk av badeanlegget: Sjå oppslag i garderobane og ved bassenga.

Hovudbasseng

Hovudbassenget er 25 m langt, med fire baner og motstraumskanal. På det djupaste er bassenget 1,9 m. Vatnet i hovudbassenget har ein temperatur på 27-28 ºC.

Det er leikesone for barn og badeleikar til utlån. Vi har og vannsklie med eige landingsbasseng med 1,0 m djupne.  Minimum alder for å kunne bruke vannsklie på eiga hand er 7 år.

Terapibasseng

Terapibassenget er 12,5 m langt, og ligg adskilt frå hovudbassenget. Bassenget er 85 cm djupt på det grunnaste og 1,5 m på det djupaste. Vatnet har ein temperatur på 33-34 ºC. Her er eiga sone med boblebad.

Badstover

Ved hovudbassenget finn ein to badstover, ein for damer og ein for herrer. Herregarderoben har direkte tilkomst til si badstove. Damebadstove ligg adskilt frå garderobe, men har tilgang til eigen dusj.

Retningslinjer for bruk: Sjå oppslag ved badstovene.

Garderobar

I tilknyting til bassenga er det damegarderobe og herregarderobe. Om ein ynskjer å låse garderobeskåpa, kostar det 20,- pr. skåp (ta med mynt).