Assistep er installert på Haugland

Publisert: 19.01.2017
Oppdatert: 19.01.2017

Vi har i dag fått installert Assistep hjå oss. Assistep er eit hjelpemiddel for trappegange. Tanken bak produktet er at gjennom å ha noko betre å halde seg i enn ordinært rekkverk vil ein redusere risikoen for fall og skadar ved trappegange, og å gjere det mogeleg å bevege seg aktivt gjennom etasjar sjølv med redusert funksjonsnivå.

IMG_4049

Assistep er installert på hovudhuset på Haugland, og kan brukast av alle ved behov. Men det vil også bli brukt aktivt i trappetrening med pasientar.

Utviklinga av Assistep starta i 2011, då nokre studentar ved NTNU fann ut at dei ønskte å lage ei teknisk løysing for å overkomme utfordringane mange har med trappegange, og redusere risikoen for fall og død i samband med det slik aktivitet. Du kan lese meir om Assistep på heimesida deira.

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.