Aktivitetshjelpemiddelsamling

Publisert: 28.08.2017
Oppdatert: 28.08.2017

Førre veke hadde vi landsdekkande samling om aktivitetshjelpemiddel. Hovudfokus var aktivitetshjelpemiddel for barmark, sjø og vatn, og vi hadde tilreisande frå heile landet, både frå NAV hjelpemiddelsentralar og helsesportsentra, frå leverandørar av utstyr og andre besøkjande. Målsetting var å prøve ut ulike hjelpemiddel, og få auka kunnskap om moglegheitene som ligg her.

Samlinga var ein del av Delta 2022, eit samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Beitostølen Helsesportsenter, Valnesfjord Helsesportssenter og Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser.

Vi viser til Facebooksida vår, der du ser meir om dei ulike aktivitetane våre desse dagane.

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.