Slik søkjer du
Det er fastlegen din som må søkje om plass for deg. Evt. kan sjukehuslege, bedriftslege eller privatpraktiserande spesialist søkje.
For opphald som ikkje gjeld livsstilsendring ved sjukeleg overvekt, skal søknaden skrivast på standard tilvisingsskjema. Skjemaet finn du på: http://www.helse-vest.no/fagfolk/henvisningsrutiner/Documents/Tilvisningsskjema_nynorsk.pdf
Søknaden skal sendast til:
Regional vurderingseining for rehabilitering Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering Nordåsgrenda 4 5235 Rådal
Merk at søknader frå sjukehus skal sendast direkte til oss:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter 6968 Flekke
Om du ynskjer å delta på livsstilsendringspogram for sjukeleg overvekt, søkjer du på eige tilvisingsskjema. Dette skjemaet finn du på: http://www.helse-vest.no/pasient/behandlinger/Sider/sjukeleg-overvekt.aspx
Denne søknaden skal sendast til:
Helse Førde HF Behandlingssenter for sjukeleg overvekt, kirurgisk poliklinikk Postboks 1000 6807 Førde
Søknaden blir deretter vidaresendt til oss dersom det er aktuelt med eit opphald her.
Eigendel
Eigendel er kr. 123 pr. døgn.
Eigendelen inngår i ordninga med eigenandelstak 2.
Dersom du har med deg vedtak på godkjent yrkesskade, betaler du ikkje eigendel for opphaldet.
Reiseutgifter
Dersom du tilhøyrer Helse Vest, får du dekka nødvendige reiseutgifter (minus eigendel) gjennom trygdeetaten. Dersom du tilhøyrer ein annan region, får du dekka reiseutgifter til næraste institusjon.