Lidingar i rygg, nakke og bekken
RKHR er ein rehabiliteringsinstitusjon der fokus er retta mot pasienten sine eigne ressursar. Innlæring av meistringsstrategiar blir nytta i tillegg til tilpassa fysisk aktivitet. Kognitiv terapi er eit av verkemidla vi nyttar for å lære pasientane å ta eigne val i prosessen med å oppnå ønska endringar.
Målgruppe
Tilbodet gjeld pasientar med lidingar i nakke/ rygg/ bekken. Herunder også pasientar som har gjennomgått kirurgisk inngrep i nakke/ rygg/ bekken.
Innhald og organisering av opphaldet
Tilbodet inneber parallelle og tverrfaglege intervensjonar med medisinsk rehabilitering, tilpassa fysisk aktivitet, undervisning og kognitive endringsprosessar. Rehabiliteringsopphaldet vil vare i 3 veker. I nokre tilfelle vert det aktuelt med reopphald.
Treningsopplegget er lagt til rette med tanke på eiga deltaking, meistring og eigne val. Dette er avhengig av at ein sjølv tek aktivt del i framdrifta av rehabiliteringsprosessen. Målsetting med opphaldet og tiltaka (timeplanen din) blir drøfta med deg første eller andre dagen etter at du er komen til senteret.
Aktivitetar
Fysioterapeut eller idrettspedagog utarbeidar ein individuelt tilpassa plan for fysisk aktivitet. Desse aktivitetane foregår både individuelt og i grupper. Styrking av muskulatur, normalisering av rørslemønster og trygging i aktivitet vil vere sentrale element i den fysiske treninga.