Haugland Rehabiliteringssenter

Kronisk smerte og utmattingstilstander

RKHR er ein rehabiliteringsinstitusjon der fokus er retta mot pasienten sine eigne ressursar. Innlæring av meistringsstrategiar blir nytta i tillegg til tilpassa fysisk aktivitet. Kognitiv terapi er eit av verkemidla vi nyttar for å lære pasientane å ta eigne val i prosessen med å oppnå ønska endringar.

Målgruppe

Tilbodet gjeld pasientar med langvarige smerteproblematikk eller utmattingstilstander. På førespurnad frå fastlege kan det gjennomførast funksjonsvurdering.

Innhald og organisering av opphaldet
Tilbodet inneber parallelle og tverrfaglege intervensjonar med medisinsk rehabilitering, tilpassa fysisk aktivitet, undervisning og kognitive endringsprosessar. Rehabiliteringsopphaldet vil vare i 3 veker. I nokre tilfelle vert det aktuelt med reopphold.  Treningsopplegget er lagt til rette med tanke på eiga deltaking, meistring og eigne val. Dette er avhengig av at ein sjølv tek aktivt del i framdrifta av rehabiliteringsprosessen. Målsetting med opphaldet og tiltaka (timeplanen din) blir drøfta med deg første eller andre dagen etter at du er komen til senteret.

Aktivitetar
Fysioterapeut eller idrettspedagog utarbeidar ein individuelt tilpassa plan for fysisk aktivitet. Desse aktivitetane foregår både individuelt og i grupper. Lystbetonte aktivitetar og meistringsopplevingar vil verte vektlagt .