Haugland Rehabiliteringssenter

Kreftrehabilitering

Kreftrehabilitering er eit av senteret sine satsingsfelt. I åra 1998-2000 gjennomførte senteret eit forskingsprosjekt for kvinner som hadde gjennomgått kreftbehandling. Prosjektet ”Rehabilitering av brystkreftopererte kvinner” vart på mange måtar eit banebrytande arbeid innan kreftrehabilitering. Det vart gjort viktige erfaringar om nytta av tilpassa fysisk aktivitet etter gjennomgått kreftbehandling, samt nytta av samtalegrupper og likemannshjelp.

Målgruppe
Tilbodet er retta mot personar med følgjetilstander etter kreftehandling, uavhengig av kva kreftdiagnose ein har. Senteret har eigne gruppeinntak for kvinner som har gjennomgått behandling for brystkreft. Ein kan og søkast inn på individuelt opphald om det er ynskjeleg. Vi har eige opphald for ungdom som har gjennomgått kreftbehandling, les meir om prosjektet på KaNO?

Innhald og organisering av opphaldet
Rehabiliteringsopphaldet for kreftpasientar vil i utgongspunktet vare i 3 veker, med moglegheit for eit reopphald. Tilpassa fysisk aktivitet, undervisning og samtalegruppe er hovudverkemidla. Gruppa vert følgt av eit fagteam med legespesialist i Fysikalsk medisin og Rehabilitering, sjukepleiar, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, ergoterapeut og idrettspedagog. Ein nyttar og attføringskonsulent der ein har behov for rettleiing i forhald til arbeidssituasjon. Treningsopplegget er lagt til rette med tanke på eiga deltaking, meistring og eigne val. Dette er avhengig av at ein sjølv tek aktivt del i framdrifta av rehabiliteringsprosessen. Målsetting med opphaldet og tiltaka (timeplanen din) blir drøfta med deg første eller andre dagen etter at du er komen til senteret.

Aktivitetar
I samarbeid med overlege gjennomfører fysioterapeut den medisinske undersøkinga av pasienten, og utarbeidar ein individuelt tilpassa plan for fysisk aktivitet. Desse aktivitetane foregår både individuelt og i grupper. For dei som slit med energimangel og trøyttheit, vil det bli lagt vekt på rolege, lystbetonte aktivitetar, samt at ein vil vektlegge kroppsbevissthetstrening.

Læring og gruppesamtaler
Under kurset er det undervisning i relevante tema 1 til 2 gonger pr. veke.
Aktuelle undervisningstema kan vere;

Kognitiv terapi, endringsprosessar
Kosthald
Treningslære
Trygderettar
Seksualitet og samliv
Lymfødem

Når ein deltek på gruppeopphald er det lagt opp til samtalegruppe to gonger pr. veke. Samtalegruppene vil ta føre seg tema som:
Eigne mål, ressursar og mogelegheiter.
Endring av rolle og korleis dette påverkar våre sosiale relasjonar.
Kroppsendringar og sjølvoppfatning.
Meistringsstrategiar.