Funksjonsvurdering
Funksjonsvurdering er ein metode for evaluering av eit individ sine fysiske, psykiske og sosiale evner i relasjon til bestemte situasjonar (f.eks daglige syslar, arbeidsliv, arbeidsplass). Funksjonsevne blir skildra som ein person sine psykiske, fysiske og sosiale ressursar i forhold til dei oppgåver som vedkommande skal utføre i arbeid, fritid og i forhald til personlege gjeremål. Begrepet funksjon heng saman med eigenskapar hos eit individ, men må sjåast i relasjon til dei behov som funksjonen skal dekke. Funksjonen er knytt til ei hensikt.
Målgruppe
Tilbodet gjeld pasientar der ein treng avklaring/ vurdering vedrørande funksjon og arbeidskapasitet.
Innhald
Ved funksjonsvurdering ynskjer ein å avklare det ein person faktisk kan gjere eller utføre, og kartlegge dei ressursane den enkelte har til tross for eventuell funksjonsnedsetting eller medisinsk diagnose. Funksjonsvurdering kan sjåast på som eit hjelpemiddel ved tilrettelegging på arbeidsplassen og tilbakeføring til arbeid, men også som eit hjelpemiddel ved rettferdig tildeling av midlar i samanheng med ytingar.
Stort sett så vil arbeidsplassretta tiltak bygge på reelle arbeidsoppgåver og kva vedkommande gjer, medan trygdemessige vurderingar ofte vert meir retta mot kva vedkommande kan gjere. I forhold til arbeid, er funksjonsvurdering ein prosess for å etablere eller oppretthalde eit aktivt arbeidsforhold. Formålet er å få avklart så raskt som mogleg om det bør settast i gang tiltak for å forhindre at den sjuke fell ut av arbeidslivet.
Aktuelle metodar / verktøy ved funksjonsanalyse:
Fysikalsk undersøking
ICF (International Classification of Functioning, Disability and Health)
Norsk funksjonsskjema
WRI (Worker Role Interview)
WEIS (Work Environment Impact Scale)
SF-36 (36 item short-form)
m.fl.