Rehabilitering
Senteret gjev tilbod om rehabilitering av pasientar med behov for ei tverrfagleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.
Den tverrfaglege staben består av lege med spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering, sjukepleiarar, fysioterapeutar, idrettspedagogar, ergoterapeutar, attføringskonsulent og klinisk ernæringsfysiolog.
Overordna mål er å bidra til å auke en pasient sin livskvalitet. I dette ligg auka deltaking sosialt og arbeidsmessig, redusert risiko for livsstilsbetinga lidingar, auke av fysisk og psykisk funksjonsevne.
For å nå målsetjing, nyttar vi undervisning, gruppesamtalar og individuelt tilpassa fysisk aktivitet enkeltvis og i grupper. Vi vil fremje mangfald, motivasjon og meistring. Vi legg vekt på ei kognitiv tilnærming i dei ulike delane av rehabiliteringstilbodet.
Rehabilitering er ein samhandlingsprosess der pasienten står i sentrum. Vi legg vekt på den enkelte sin vilje og ønske om å betre eigen livssituasjon. Som helsepersonell kan vi tilby fagkompetanse, rettleiing og nyttige råd som supplement til pasienten sin eigen kunnskap og motivasjon.
Vi fokuserer på eigeninnsats i trening og øvrige aktivitetar. Med rettleiing og støtte frå staben på senteret, er målet å finne løysingar for den enkelte.
Søknadsskjema finn du på:
www.helse-vest.no/fagfolk/henvisningsrutiner/Documents/Tilvisningsskjema_nynorsk_aktivpdf%20(3).pdf