Røde Kors Nordisk United World College
Røde Kors Nordisk United World College
Vi er samlokalisert med Røde Kors Nordisk United World College som er ein internasjonal skule med 200 studentar frå kring 85 land. Nokre av studentane er med i rehabiliteringsarbeidet. Mangfaldet dette samarbeidet gir, opplever vi som eit svært positivt bidrag til rehabiliteringsarbeidet. I skuleåret er det organiserte aktivitetar på ettermiddags-/kveldstid, som er møtepunkt mellom studentar og pasientar på Haugland. Aktivitetane er ulike, og pasientane kan delta sjølv, vere publikum, få informasjon og ny kunnskap, eller sjølv dele erfaringar og opplevingar.
Du kan finne meir informasjon om skulen på www.rcnuwc.no
Leirskule
Røde Kors United World College driv leirskule for elevar på barne- og ungdomsskuletrinnet.
Informasjon om leirskulen finn du på www.leirskule.no