Haugland Rehabiliteringssenter

Historie

Christian Bekker, f. 1877 – 1980, son til Sofie Cecilia Haugland og Frantz Friedrich Bekker, fekk skøyte på Haugland i1906. Christian var ugift og budde på Haugland frå 1945. Før han døydde testamenterte han eigedomane sine til Sogn og Fjordane distrikt av Norges Røde Kors. Christian Bekker sette som vilkår i testamentet at eigedomane og medel skulle nyttast til humanitære og inspirerande føremål.

Sogn og Fjordane Røde Kors starta restaurering og utbygging i 1981, og første byggjesteg stod ferdig i 1985. Senteret var då eit ferie-, fritids- og aktivitetsenter for personar med eller utan funksjonshemmingar. I denne perioden vart det starta leirskule.

Utbygginga heldt fram, og 24. oktober 1992 vart Haugland Helsesportssenter opna av kong Harald. Anlegget vart røyndom grunna Lions sin Røde Fjær-aksjon i 1987, som gav midlar til føremålet. I 1993 vart institusjonen godkjent som rehabiliteringssenter gruppe I. Institusjonen hadde 8500 kvm. bygningsmasse til råvelde og dekka for det meste etterspurnad frå Vestlandet. Institusjonen la stor vekt på oppbygging av fagleg kompetanse innan rehabiliteringsfeltet og utvikla i første omgang tilbod til personar med muskel,- skjelettlidingar, kronisk smerte og kreft.

Røde Kors si satsing på Haugland førde til at organisasjonen United World College vart knyta til senteret. September 1995 vart Røde Kors Nordisk United World College opna av dronning Sonja og dronning Noor av Jordan.
Skulen har eit to-årig program der ein tek international baccalauriate (IB), ein eksamen som gjev tilgang til dei fleste universitet i verden. Skulen legg vekt på internasjonal solidaritet, miljø og menneskerettar, og har eit spesielt fokus på at studentar med funksjonshemming og studentar frå utviklingsland skal få eit tilbod ved institusjonen.