Haugland Internasjonale FoU Selskap (HIFUS)
Haugland Internasjonale FoU selskap (HIFUS) er eit aksjeselskap eigd av Fjaler kommune, Røde Kors Nordisk United World College og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Selskapet har som oppgåve å stimulere til auka forskings- og utviklingsaktivitet på Haugland. Aktiviteten skal vere relevant for utviklinga av dei respektive institusjonane på Haugland, og skal bidra til å gjennomføre kontinuerleg evaluering av dei ulike verksemdene.
Hausten 2011 tok Anette Bøe Wolff til i stillinga som dagleg leiar.
Selskapet har siste år gjennomført fleire prosjekt både nasjonalt og internasjonalt.
Les meir om pågåande prosjekt her.
Les meir om publikasjonar her.