Eigar og styre
Eigar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS (RKHR) er organisert som eit aksjeselskap der Sogn og Fjordane Røde Kors Eigedom AS eig 99% av aksjane. Her er Sogn og Fjordane Røde Kors hovudaksjonær.
Røde Kors er verdas største humanitære organisasjon og er politisk og religiøst uavhengig. Det er også ein av dei største humanitære frivillege organisasjonane i Noreg.
Styreleiar i RKHR, Arve Due Lund, seier at “sidan Sogn og Fjordane Røde Kors starta sin aktivitet på Haugland på 1980-talet, har Røde Kors-prinsippa og dei verdiane Røde Kors byggjer sin aktivitet på, stått sentralt i utviklinga av senteret. Respekt for enkeltmenneske, likeverdig behandling og tru på kvart enkelt individ sine ressursar, er verdiar vi ynskjer å fremme på senteret” (Årsrapport 2010).
Styre
Styret til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har sju medlemmer:
Arve Due Lund Styreleiar (Sogn og Fjordane Røde Kors)
Børre Jacobsen Nestleiar (Sogn og Fjordane Røde Kors)
Ellen Marie L. Njøs Styremedlem
Olav Reidar Furnes Styremedlem
Aud Viken Styremedlem
Aage Ness Tilsetterepresentant/ tillitsvalgt
Linda M. Viken Tilsetterepresentant
Varamedlemmer: Jofred Åsnes og Bjørn Tønnesen
I tillegg møter adm.direktør Inger Johanne Osland og overlege Eirik Fismen ved RKHR.