Ledig 100% fast stilling for autorisert fysioterapeut, eventuelt idrettspedagog
Vi søkjer etter fysioterapeut, eventuelt idrettspedagog, med erfaring innan rehabiliteringsfeltet. Gode samarbeidsevner, evne til å vere fleksibel og personlege eigenskaper vert vektlagt.
Stillinga er ledig frå 01.03.2012.
Om senteret: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Institusjonen gjev tilbod om rehabilitering av pasientar som treng ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta. Det er totalt 70 sengeplassar ved institusjonen. Det medisinsk faglege teamet består av legar med spesialitet i fysikalsk medisin og rehabilitering/allmennmedisin , sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, attføringskonsulent, idrettspedagogar og klinisk ernæringsfysiolog.
Meir informasjon om stilling som fysioterapeut
Meir informasjon om stilling som idrettspedagog
Vi tilbyr:
- Arbeid med utfordrande faglege oppgåver i eit engasjert tverrfagleg miljø
- Varierte arbeidsoppgåver i eit høgkompetent fagmiljø
- God tilrettelegging for kurs / fagleg oppdatering
- Konkurransedyktige vilkår
- Eit godt arbeidsmiljø
For nærare informasjon om stillinga ta kontakt med:
Fungerande avd.leiar fysioterapi
Linda M. Viken, tlf 57 73 71 05
Søknad med CV, attestar og vitnemål kan sendast:
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
v/ Linda M. Viken
6968 Flekke
eller på e-post til :
Søknadsfrist 21.01.12.
Søknad merkast: Fysioterapeut