Haugland Rehabiliteringssenter

KaNo-tilbodet held fram ved Hauglandsenteret

I Noreg er det svært få rehabiliteringstilbod for unge (18-35 år) som har gjennomgått kreftbehandling. “KaNo”-prosjektet vart difor starta opp som eit forskingsprosjekt på oppfordring frå Kreftforeningen, ut ifrå deira erfaringar og satsing på “Unge og kreft” i 2008. Sjølve forskingsprosjektet “KaNo” er no i avsluttingsfasen, og har så langt vore svært vellukka. Det har gitt oss mange nyttige erfaringar og gode data. Desse dataene skal publiserast og ende opp i ein doktorgrad.

Til saman har 20 unge kreftpasientar vore på opphold ved Hauglandsenteret. Kari Fismen har vore prosjektkoordinator, og May Aasebø Hauken har vore knytt til prosjektet som stipendiat. Gjennom prosjektet har ein erfart at unge slit på ulike område etter endt kreftbehandling, og har difor eit stort behov for oppfølging og rettleiing. Deltakarane i forskingsprosjektet har gitt verdifulle tilbakemeldingar undervegs, og gir uttrykk for at programmet er både godt, nødvendig og viktig.

Erfaringane har vore så gode at vi vel å vidareføre tilbodet for denne pasientgruppa ved Hauglandsenteret. Neste KaNo-gruppe startar februar/mars 2012. Innhaldet i vidareføringa av KaNo-tilbodet blir som i forskingsprosjektet med unntak av dybdeintervju og spørreskjema. Deltakarane må dessutan, som andre pasientar ved senteret, betale ein eigenandel som kjem inn under eigenandelstak 2.

For å lese meir om tilbodet, sjå heimesidene til KaNo.