Haugland Rehabiliteringssenter

Dagrehabilitering ved Hauglandsenteret

I tillegg til det ordinære rehabiliteringstilbodet ved senteret, har vi tilbod om dagrehabilitering ved institusjonen. Dette tilbodet er retta mot personar som har behov for spesialisert rehabilitering, men som ikkje har behov for eit døgnbasert rehabiliteringstilbod.

Dette er eit tilbod som kan vere godt eigna for personar som ikkje bur for langt frå senteret. Det er i dag fem plasser som er reservert for dagpasientar.

Avtalen omfatter pasientar som treng rehabilitering etter kreftsjukdom, pasientar med sjukleg overvekt, og pasientar med muskel- og skjelettlidingar. Pasientar som kjem inn under ordninga “Raskere tilbake” kan også søkjast inn på dagrehabilitering.

 Rehabiliteringstilbodet vil bli individuelt tilrettelagt ut frå pasienten sine behov og målsettingar for opphaldet. Fyrste dag vil pasienten delta på ein tverrfagleg samtale leia av lege ved senteret. I denne samtalen vert vidare plan for opphaldet lagt. Kor mange dagar, og over kor lang tid opphaldet skal vare, vil også bli drøfta i dette møtet.

Pasientane vil inngå i ei av pasientgruppene ved senteret, og får eit variert tilbod med både tilpassa fysisk aktivitet, undervisning og eventuelt samtalegrupper.

Les her for meir informasjon om tilbodet.