Haugland Rehabiliteringssenter

Før du kjem

Kva møter du

Haugland er eit område der ein både finn Røde Kors Nordisk United World College (UWC) og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenteret (RKHR). Dei første bygningane du kjem til høyrer til UWC. Om du køyrer litt til, vil du sjå parkeringsplassen framfor hovudhuset på rehabiliteringssenteret. Hovudinngangen tek deg rett til Mottak. Her i Mottak vil du møte ein av våre medarbeidarar og du vil bli vist til det rommet du skal bu på. I løpet av dei første dagane vil du møte dei fagpersonane som vil vere ansvarleg for det faglege tilbodet ditt.

Treningsopplegget

Hovudtiltaka er tilpassa fysisk aktivitet, undervisning og samtalegrupper. Kognitiv terapi vert nytta i tilnærminga. Du vil få utarbeid ein eigen timeplan som fortel deg kva aktivitetar du skal delta på. I tillegg til dei aktivitetane du er oppsett på i løpet av veka, vil du og kunne delta på aktivitetar laurdag og søndag. Dette kjem det informasjon om på oppslagstavla.

Utstyrsliste

Det er mange ulike aktivitetar både inne og ute som du kan delta på. Det er difor viktig at du tek med treningsklede og sko både for inne- og utebruk. Det kan vere lurt å ta med:

- Treningsklede til bruk i sal
- Badeklede
- Innesko (gjerne joggesko til innebruk og sandalar til anna)
- Gode ytterklede
- Regnklede
- Utesko, også fjellsko eller støvlar

Handdukar får du på senteret.

Anna utstyr dersom du har:Sørvistilbodet

- Telefon på alle rom på hovudhuset og telefon på alle hytter.
   I tillegg er det telefonautomat (kort) på hovudhuset.

- TV-stover på hovudhuset og eit fjernsyn på kvar av hyttene.

- Tilgang til internett på hovudhuset.

- Senteret har eigen kiosk med enkle kioskvarer.

- Det er kortautomat/Visa på senteret. Næraste bank er 13 km. frå senteret.

- Det kjem landpostbod til senteret dagleg frå måndag til fredag.

- Den lokale butikken ligg i Flekke, 3 km. frå senteret.
  Næraste tettstad med fleire butikkar er Dale, ca. 15 min. køyring frå senteret.

Transport
Det går buss frå Haugland til Førde om lørdagar. Elles er det ikkje offentleg transport.
Senteret organiserer transport til Dale kvar torsdag dersom det er ynskje om det.

Vask av kle

Det er vaskerom med vaskeautomat du kan bruke.

Kultur- og fritidsaktivitetar

Vi legg opp til å samarbeide med andre institusjonar og organisasjonar i kommunen om å gje eit kulturtilbod til dei som er på senteret. Dette kan vere i form av konsertar eller teateroppsettingar på Haugland eller andre stader i kommunen.

Det vert arrangert utflukt til stadar i nærområdet som kan vere av interesse. Eksempel er:
Klokkargarden, Jakob Sande sin fødestad.
Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.
Lillingstonheimen, gamalt herskapshus frå 1800- talet.
Bekkerhuset, hovudhuset på den gamle lensmannsgarden på Haugland.

Senteret har eit eige aktivitetsrom Der vert det arrangert ulike handverkskurs .

Studentar frå den internasjonale skulen UWC arrangerer ulike tilstellingar på senteret. Det kan vere alt frå dansekurs til forelesingar om menneskerettigheiter.

Bibliotek
På senteret er det ein lesekrok der det er eit lite utval av bøker ein kan låne. Elles finn ein folkebibliotek i Dale.

- Turstavar/ gåstavar
- Eventuelle hjelpemiddel til inne-/utebruk 
- Radio, bøker, handarbeid etc.

 Hugs å ta med medisin dersom du bruker dette.