KaNo - Rehabilitering av unge vaksne som har gjennomgått behandling for kreft
Senteret starter eit nytt gruppetilbod i haust til unge vaksne som har gjennomgått behandling for kreft. For meir informasjon, sjå brosjyre her
Hauglandsenteret får ny, utvida avtale med Helse Vest
Senteret har vore gjennom ny anbodskonkurranse for levering av spesialiserte rehabiliteringstenester til Helse Vest. Ny avtale vil gjelde frå 01.08.10. Den nye avtala inneber ei auke i tal plassar frå 55 til 70 og opnar for dagtilbod i tillegg til det tradisjonelle døgntilbodet.
Avtala omfattar tilbod til kreftpasientar, pasientar med muskel- skjelettlidingar, pasientar med nevrologisk sjukdom, pasientar med tinnitus og pasientar med sjukleg overvekt. Det er i tillegg mogeleg å søke inn pasientar på Raskare tilbake ordninga
Ledige stillingar
Senteret har fått ny, utvida avtale med Helse Vest og skal difor auke opp fagstaben. Vi har ledig følgande stillingar:
Lege, les her
Lege i spesialisering les her
Ergoterapeut,les her
Fysioterapeut, les her
Sjukepleie, les her
Idrettspedagog, les her
Idrettsassistent, les her
Kontormedarbeidar, les her
Reinhaldar, les her
Kjøkkenassistent,les her
Hauglandskurset 10. og 11.juni 2010
Kurset er innan allmennmedisin godkjent med 15 poeng som emnekurs/klinisk emnekurs i kognitiv terapi til vidare- og etterutdanning.
Senteret får avtale med NAV
Nav har inngått avtale om arbeidsretta rehabilitering med Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Les meir
Vidareutdanning i kognitiv terapi
Haugland Rehabiliteringssenter, i samarbeid med Norsk forening for kognitiv terapi, arrangerer i 2010 kurs i innføring i kognitiv terapi.
Modell for samhandling
Senteret er i gang med eit prosjekt som har som mål å utvikle ein modell for samhandling mellom lokale NAV kontor, kommunehelsetenesta og rehabiliteringsinstitusjon.
Opnar poliklinisk tilbod til kreftpasientar
Senteret har no fått etablert eit poliklinisk tilbod til pasientar som har behov for spesialisert onkologisk fysioterapibehandling.